gul16.no | Herdla museum
gul16

Meny- klikk for åpne/skjule menyen -

Naudlanding:

15.Desember 1943 - "Naudlanding på sjø - ingen personskade"

Så nøkternt vert havariet til Gul-16 oppsummert i den tyske tapsrapporten. Andre kjelder supplerer dette biletet og gjer det råd å koma på sporet av dramaet som utspelte seg utafor Solsvik denne grå vinterdagen i 1943. Eit drama der ein tysk pilot hadde hovudrolla, men der det var nordmenn i viktige biroller.

Ca. kl. 13. den 15. desember 1943 går alarmen på Herdla flyplass. Ei rekkje Focke Wulf 190 -jagarfly tek av og freistar vinna høgde før dei dreier nordover. Oppdraget er å avskjera allierte fly i ferd med å angripa tyske vaktskip ytst i Sognefjorden. Været er grått og skydekket lågt. Etter kort tid i lufta får eit av flya problem, motoren fuskar og maskina taper høgde. Piloten skjønar at han ikkje vil nå tilbake til Herdla og set i verk prosedyre for nødlanding. Han dreg i ein raudmalt hendel på høgre side i cockpit, det kjem eit kraftig smell og cockpitdekselet forsvinn bakover i propellstraumen.

I nærleiken av Solsvik på Sotra høyrer den 15 år gamle Nils Haugen lyden av eit fly på veg sørover. Han stussar over den ujamne motorlyden og brått dukkar eit fly med ei røykstrime etter seg ut av skodda. Kort tid etter tek flyet vatnet like nord for Solsvik og forsvinn i ei sky av sjøsprøyt. Snart ligg sjøen roleg att og det er ikkje spor etter korkje fly eller flygar.

Nokre hundre meter unna ligg Alf og Nicolai Toft og dreg hummarteiner. Dei fossror no mot staden der flyet forsvann. Først ser dei ikkje teikn til liv, men brått dukkar flygaren opp frå djupet. Han er medviten, men det verkar som om han er i sjokk. Fiskarane får han om bord i båten og ror over til ein vaktpram som tyskarane har liggjande i Solsviksundet. Her blir flygaren teken hand om.

naudlanding

Siste hendelse

Hjemmesiden til Gul 16 er nå endelig klar for folket. Vi ønsker nye gjester velkomne, og takker dere som har vært tålmodig med oss. På disse sidene skal du finne det meste som er relatert til det tyske focke wulf jagerflyet som igjen har sett dagens lys.

bilde tatt etter heving

Bildet av "Gul 16" tatt kort tid etter hevingen.

Takk til sponsorer !

Gul 16 prosjektet hadde strandet i fødselen uten støtte fra sponsorer og frivillig arbeidskraft.


produsert for: Herdla museum av: Nordstrøm digitale tjenester: webmaster@nor-dt.no