gul16.no | Herdla museum
gul16

Meny- klikk for åpne/skjule menyen -

Hevingen:

Klargjering

Etter at det var klarert med Forsvarsmuseet, som forvaltar krigsminne som dette, starta arbeidet med å førebu heving. Sjølv om Focke Wulf 190 er ei lita maskin så var dette likevel ingen enkel operasjon. For det første var flyet tydeleg svekka som følgje av korrosjon og skadar under havariet. For det andre så var det fylt opp av slam og sjødyr og såleis truleg langt tyngre enn den oppgjevne nettovekta på 3,5 tonn.

For å røyna flykroppen minst mogeleg under hevinga, blei løftestroppene festa til bjelkar plasserte under vengerøtene. Den største utfordringa var likevel å få motoren opp saman med resten av vraket. Det hadde nemleg vist seg at propellakslingen var knekt, samstundes som motorfesta var heilt forvitra. Løysinga blei ei stropp med ein spesiallaga krok som greip rundt den pansra naseringen. Ei anna stropp heldt propellen på plass.

Det var Minedykkarkommandoen og Dykkar og -froskemannsskolen ved Haakonsvern som i all hovudsak stod for førebuingane til heving. Sidan arbeidet føregjekk på over 60 meters djup, kunne dykkarane berre arbeida på botnen nokre få minutt om gongen før dei måtte starta den gradvise oppstiginga. Heile operasjonen kravde såleis meir enn 60 dykk.

Hevingen

Den 1.November 2006 var det klart for heving. Den ombygde ferja Flekkerøy hadde ankra opp like over flyet, og under perfekte verforhold og med stort mediaoppbod, blei ein dykkar sendt ned for å festa løftewiren til flyet. Deretter blei wiren langsamt stramma opp. No steig spenninga, heilt til bileta på ROV-monitoren avslørte at alt førebels gjekk som planlagt. Flyet hang saman og var langsamt på veg opp mot overflata.

Ein halvtimes tid seinare kunne det skimtast ein gråbrun skugge langt nede i sjøen. Gradvis fekk skuggen fasong av eit lite, kompakt fly, framleis utstyrt med både motor og propell. Etter nok ein halvtime braut halefinna overflata, deretter kom resten av flyet langsamt til syne i ei sky av slam. No stod den mest risikable delen av operasjonen att: Løftet frå sjøen og opp på ferjedekket. Etter å ha svevd nokre nervepirrande minutt i sitt rette element, gjekk Gul 16 inn for ei perfekt landing om bord på "Flekkerøy". Same kvelden blei operasjonen avslutta ved at flyet blei løfta på land ved Kystvaktkaia på Haakonsvern.

Siste hendelse

Hjemmesiden til Gul 16 er nå endelig klar for folket. Vi ønsker nye gjester velkomne, og takker dere som har vært tålmodig med oss. På disse sidene skal du finne det meste som er relatert til det tyske focke wulf jagerflyet som igjen har sett dagens lys.

bilde tatt etter heving

Bildet av "Gul 16" tatt kort tid etter hevingen.

Takk til sponsorer !

Gul 16 prosjektet hadde strandet i fødselen uten støtte fra sponsorer og frivillig arbeidskraft.


produsert for: Herdla museum av: Nordstrøm digitale tjenester: webmaster@nor-dt.no