Dette er flyet sitt radiokallesignal - markert med eit stort farga tal på flykroppen. Skifta flyet gruppe eller skvadron fekk det som regel også nytt kjennemerke. Tre lag med tidlegare merking kan tyda på at Gul 16 har hatt eit omflakkande tilvære, først som kvit 1 og deretter som Svart 6 i to omgangar.
Alt medan flyet låg på botnen blei dette våpenskjoldet registert. Sidan det var ikkje var kjent frå før, blei det i utgangspunktet tolka som piloten sitt personlege merke. Dette skulle visa seg å vera feil. Forklaringa kom i form av eit trefat lagt ut for sal på e-bay. Fatet var påmalt eit vikingskip med eit segl som viste Mikke Mus i eksakt same positur som på Gul-16. Rundt motivet var det skrive "Die Flugzeugfürer der 12./JG5" og "Bergen". Dette indikerer at Mikke Mus -våpenskjoldet var merket til den Luftwaffe- eininga som Gul-16 var tilknytta: 12 Staffel / Jagdgeschwader 5.
Hjemmesiden til Gul 16 er nå endelig klar for folket. Vi ønsker nye gjester velkomne, og takker dere som har vært tålmodig med oss. På disse sidene skal du finne det meste som er relatert til det tyske focke wulf jagerflyet som igjen har sett dagens lys.
Bildet av "Gul 16" tatt kort tid etter hevingen.
Gul 16 prosjektet hadde strandet i fødselen uten støtte fra sponsorer og frivillig arbeidskraft.