gul16.no | Herdla museum
gul16

Meny- klikk for åpne/skjule menyen -

Funnet:

"Jagarflyet frå djupet"

I Solsvik på Sotra kunne eldre folk fortelja om eit tysk jagarfly som styrta i sjøen like nordvest for bygda ein desemberdag i 1943. Via Martha Ekerhovd ved det lokale museet fekk flyentusiasten Svein Ove Agdestein kjennskap til historia. Saman med Geir Tangen fekk han etablert ei arbeidsgruppe som sette seg som mål å lokalisera vraket.

Funn!

Den 15.mai 2005 var det klart for søk med KNM Tyr, eit spesialfartøy utstyrt med både sonar og miniubåt (ROV). Med om bord var også Nils Haugen som hadde sett flyet styrta 62 år tidlegare.

Det såg lenge ut til at søket skulle bli resultatlaust, men skipssjefen ville på tampen av dagen sjekka ein skugge han meinte å ha sett på sonaren. Han sendte såleis ROV-en i retning av eit punkt sør for Storhaugen på Misje. Brått slo operatøren full revers. Halen på eit fly hadde plutseleg dukka opp på monitoren. Det lett synlege hakekorset stadfesta at det var rette flyet som låg her i ei steinut skråning på vel 60 meters djup.

naudlanding

Siste hendelse

Hjemmesiden til Gul 16 er nå endelig klar for folket. Vi ønsker nye gjester velkomne, og takker dere som har vært tålmodig med oss. På disse sidene skal du finne det meste som er relatert til det tyske focke wulf jagerflyet som igjen har sett dagens lys.

bilde tatt etter heving

Bildet av "Gul 16" tatt kort tid etter hevingen.

Takk til sponsorer !

Gul 16 prosjektet hadde strandet i fødselen uten støtte fra sponsorer og frivillig arbeidskraft.


produsert for: Herdla museum av: Nordstrøm digitale tjenester: webmaster@nor-dt.no