flygaren:
å få stadfesta kven som flaug Gul 16, har vist seg å vera litt av eit detektivarbeid. Både skriftlege kjelder og kontaktar i veteranmiljøet blei konsulterte utan at det var råd å seia noko sikkert. Då ein var i ferd med å konkludera med at identiteten kanskje aldri ville bli kjent, kom det for dagen eit dokument basert på opplevingane til ein annan flygar som også hadde vore stasjonert på Herdla. Her heiter det:
"12/43 - På Herdla har Feldwebel Kundrus brennande naudlanda på sjøen etter bakkeberøring"
I tapsprotokollane er det berre registrert eit havari på Herdla i desember 1943, alt tyder såleis på at det er Gul 16 sitt havari den 15. som det her vert referert til.
Naudlandinga må ha vore ei rystande oppleving for den 25 år gamle Kurt Kundrus, sjølv om han hadde vore ute i hardt ver før. Vel to år tidlegare hadde han nemleg også hamna i sjøen, då med ein Messerschmidt 109 på Trøndelagskysten. Det skulle visa seg at Kundrus også hadde meir i vente, men denne gangen skulle utfallet bli fatalt. Såleis fall han ved St. Gauberge i Frankrike den 10.06.44, to dagar etter den allierte invasjonen.
Hjemmesiden til Gul 16 er nå endelig klar for folket. Vi ønsker nye gjester velkomne, og takker dere som har vært tålmodig med oss. På disse sidene skal du finne det meste som er relatert til det tyske focke wulf jagerflyet som igjen har sett dagens lys.
Bildet av "Gul 16" tatt kort tid etter hevingen.
Gul 16 prosjektet hadde strandet i fødselen uten støtte fra sponsorer og frivillig arbeidskraft.